Tilbake til alle arrangementer

Stemma. Sidsel Endresen, Solveig Kringlebotn og Grutle Kjellson i samtale med Guttorm Andreasen

Stemma er vår mest umiddelbare uttrykksform. I musikken kan ulike måtar å nytte stemma på vere heilt avgjerande for det musikalske uttrykket. Ikkje berre for å skildre stemningar, men òg for å definere og markere sjanger. Korleis kan ein jobbe med stemma som instrument på ulike vis?

Sidsel Endresen er ein av dei mest kjende vokalkunstnarane i Noreg, og har vore banebrytande mellom anna i jazzimprovisasjon. Operasongar Solveig Kringlebotn er blant Nordens leiande sopranar og har stått på ei rekkje operascener verda rundt. Grutle Kjellson er vokalist i det progressive metal-bandet Enslaved, og meistrar den djupe, rallande growl-en som kjenneteiknar sjangeren til fingerspissane. No møter dei musikkjournalist Guttorm Andreasen til samtale om stemma i ulike sjangrar.


Arrangementet er ein del av serien «Musikklære».

Korleis byggje ein perfekt låt eller ein symfoni? Kvifor har trioen alltid vore ei så populær bandsamansetning? Kva utfordringar møter albumformatet i den moderne musikkvardagen, og korleis er stemma med på å forsterke musikalske sjangeruttrykk?
Musikalske medium, format og uttrykk er i stadig rørsle, frå spontane ytringar i vikingtida via munnleg tradering i mellomalderen fram mot grammofonplater, kassettar, musikkvideoar og digital strøyming. Nasjonalbiblioteket inviterer i haust musikarar og fagpersonar til å snakke om ei rekkje musikalske former i utvikling. Kva ser vi på som nyskapande i dag, og korleis påverkar dei ulike musikalske uttrykka kvarandre på tvers av tradisjonelle sjangrar og format?